Østerbø Maskin AS avd. Meland
over 40 år med kvalitet i fokus
Østerbø Maskin AS avd. Meland, tidlegare Meland Elektro AS, utfører elektriske installasjonar i heile Nordhordland og Bergen. Frå nybygg og industri til serviceoppdrag i heimen din. Me er Nordhordland sin eigen ekspert på solceller.


Østerbø Maskin AS, tidl. Meland Elektro AS, er autorisert elektroentreprenør. Me held til på Mjåtveitflaten 45 på Frekhaug.
Opningstider: måndag-fredag kl 7.30-15.30
Du når oss alltid på telefon: 56 17 87 00,
e-post: om@osterbo.no

Kontaktpersonar

Elektroinstallasjon

Solceller

Kvalitet i fokus
Meland Elektro sitt kvalitetssystem er sertifisert i tråd med NS-EN ISO 9001 : 2015.
Meland Elekro AS (ME) skal vere føretrekt leverandør av elektrotenester til offentlege, private og næringskundar i Nordhordland og omland. Vi skal alltid levere minimum i henhold til kundane våre og myndigheitene sine krav til bransjen vår.
ME skal vere ein trygg arbeidsplass.
Vi legg æra vår i å levere kvalitet og har slagord «Kvalitet i fokus». Vi jobbar dagleg i prosjekt og leveranser med å etterlate oss eit så gunstig miljøavtrykk som mogleg.
Forplikting til kontinuerleg forbetring er eit leiaransvar. ME si øvste leiing har etablert rutiner for forbetringsarbeid som følgast opp i leiarmøter, allmøter og styre.
Historie
Firmaet vart starta i 1979 som Inst. Harry Meland. I 1986 endra me namn og selskapsform til Meland Elektro AS. Frå år 2000 har me halde til på Mjåtveitflaten Industriområde på Frekhaug. Asle Fløysand var hovudeigar av firmaet og dagleg leiar frå 2008 til 2018. John Henanger hadde ei sentral rolle i bedrifta i 11 år, og overtok som dagleg leiar i 2018.
I 2019 vart Meland Elektro kjøpt opp av Østerbø Maskin og vart ein del av Østerbø Gruppa. Me fortset under same namn som før. Samarbeidet med Østerbø Maskin har gitt oss eit løft, og me satsar no større og meir framtidsretta. Industri og Solceller er av dei nye satsingsområda våre, samtidig som me sjølvsagt fortset med både nybygg og servicejobbar som før.
Gjennom over 40 år har me utført elektriske installasjonar i Meland, Lindås, Bergen, Austrheim, Radøy, Masfjorden, Fedje, Modalen, Gulen og meire til.
10. september 2022 fusjonerte Meland Elektro AS inn i Østerbø Maskin AS.
Kanskje er du og interessert i…

Elektro til næring

Elektro i heimen

Solceller
