– Å få kvalitetssystemet vårt sertifisert i følge NS-EN ISO 9001 gir oss eit synleg bevis på at vi dagleg jobbar for å oppnå slagordet vårt «kvalitet i fokus», seier adm. dir. Richard Cornell i Meland Elektro AS.
– Her har dei tilsette gjort ein stor innsats for å få sett det daglege kvalitetsarbeidet inn i eit godt system og då er det ekstra kjekt å stå her med det synlege beviset i handa, seier Cornell.
Fordelar med ISO 9001
Gjennom prosessen med å få sertifisering på plass har det vore fokus på kunden sine forventingar. Avklaring av ansvar, oppgåver og forpliktelsar og gjennomgang av intern kommunikasjon, styring og prosessar.
– Vi håpar å få betre effektivitet og lettare sjå kva vi kan forbetre for å levere endå betre produkt og tenester, fortel han. Dessutan kan kundane no vere trygge på at vi alltid leverer «kvalitet i fokus».