Meland Elektro elkontroll på båt

Meland Elektro er no som ei av berre omlag 60 verksemder i heile landet godkjent av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) som akseptert elektroføretak for kontroll av elanlegg på fiskefartøy og lasteskip under 15 meter.

Meland Elektro tilbyr no kontroll av elanlegg på fartøy. Alt blir utført med sjekklister frå DSB for å kontrollere at det elektriske anlegget er i samsvar med gjeldande forskrifter.

Satsar på maritim- og havbruksnæring

– Dette er ei naturleg utviding av tenestene våre, seier plassjef Remi Marøy, med plasseringa vår her med sjø rundt oss på «alle kantar» og ei auka satsing og fleire maritime oppdrag, er dette vegen å gå for oss.

Om kontrollordninga

Det elektriske anlegget om bord på fiskefartøy og lasteskip under 15 meter skal kontrollerast av aksepterte elektroføretak i samsvar med gjeldande forskrifter.

Det er redar som er ansvarleg for å få det elektriske anlegget kontrollert.

Sjøfartsdirektoratet heva sertifikatgrensene og innførte alternativ kontrollordning for fiskefartøy og lasteskip under 15 meter. DSB etablerte etter dette denne tilsvarande kontrollordninga for det elektriske anlegget for desse fartøya.

Meir om ordninga på dsb.no

Kontakt oss

Remi Marøy

Remi Marøy

Plassjef

Telefon +47 465 44 676

E-post remi@osterbo.no

Kanskje er du og interessert i…

Fagfolk

Ledige stillingar

Vi har 5 ledige stillingar som elektrikar/automatikar. Sjå meir