
Er du vår nye drivande dyktige elektrikar?
Du er sjølvstendig, ansvarsfull og har eit sterkt ønske om å vere med å utvikle satsinga vår i regionen.
Som montør vil du ha oppdrag hos kundar innan industri, bygg og maritime installasjonar i tillegg til privatmarknaden. Vi jobbar og målretta med energieffektivisering hos kundane våre.
Ein allsidig kvardag med kvalitet i fokus.
Arbeidsoppgåver
- Utføring av elektro-/automasjoninstallasjonar hos privat-, industri- og servicekundar.
- Sikre at arbeid blir gjennomført på eit høgt fagleg nivå, til rett pris og rett tid.
- Sikre at bedrifta tilpassar seg endringar i marknaden og utviklar seg i tråd med marknadspotensialet.
- Merkevarebygging og sal
Bakgrunn og kompetanse
- Fagbrev som elektrikar
- Minimum 3 års relevant erfaring etter fagprøve.
- Gjerne erfaring frå industri, bygg eller marine installasjonar.
- Førarkort kl B.
- God skriftleg og munnleg norsk og engelsk.
Vi tilbyr
- Solid selskap med store vekstambisjonar saman med Østerbø Gruppa.
- Spennande stillingar med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Meland Elektro si satsing.
- God kultur og kompetente medarbeidarar
- Konkurransedyktige vilkår.
Kontakt oss
Inntil 2 faste 100% stillingar
Søknadsfrist: fortløpande


Om Meland Elektro
Vi har over 40 år med kvalitet i fokus. Meland Elektro har 20 tilsette som utfører elektriske installasjonar i heile Nordhordland og Bergen. Frå nybygg og industri til serviceoppdrag i heimen din. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.
Kanskje er du og interessert i…

Elektro til næring

Elektro i heimen

Solceller
